Ein, ingen og hundre tusen

·
· SKALDS klassikarar Book 0 · Skald forlag
eBook
213
Pages
Ratings and reviews aren’t verified  Learn more

About this eBook

«Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn. Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda. Luigi Pirandello (1867–1936) vart fødd i ein velståande familie på Sicilia. Foreldra ønskte at han skulle ta over familieforretninga, men Pirandello var mest interessert i humanistiske fag og tok doktorgrad i filologi. I 1920-åra hadde forfattaren og dramatikaren veksande suksess med skodespela sine. Hans moderne og avantgardistiske litterære verk hadde etter kvart enorm påverknad på det moderne absurdteateret og gjorde Luigi Pirandello til ein av dei største italienske forfattarane gjennom tidene. I 1934 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.

Rate this eBook

Tell us what you think.

Reading information

Smartphones and tablets
Install the Google Play Books app for Android and iPad/iPhone. It syncs automatically with your account and allows you to read online or offline wherever you are.
Laptops and computers
You can listen to audiobooks purchased on Google Play using your computer's web browser.
eReaders and other devices
To read on e-ink devices like Kobo eReaders, you'll need to download a file and transfer it to your device. Follow the detailed Help Centre instructions to transfer the files to supported eReaders.