Sjakknovelle og andre tekstar

·
· SKALDS klassikarar Book 6 · Skald forlag
Ebook
232
Pages
Ratings and reviews aren’t verified  Learn More

About this ebook

Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942. Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Fire av dei vert her for aller første gong gitt ut på norsk. Omsett av kritikarroste Øystein Vidnes, som i fjor fekk tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing. Stefan Zweig (1881–1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida. Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1933 blei verka hans forbodne og brende på bokbåla. Zweig blei tvungen ut i eit omflakkande eksil som førte han til England, New York, Paraquay, Argentina og til slutt Brasil. Zweig såg på seg sjølv som europear som ikkje høyrde til nokon nasjon. Han var ein lidenskapleg pasifist. Krigsåra, og den utbreidde nasjonalismen og anitsemitismen tok sakte knekken på han. Saman med kona Lotte tok han livet sitt i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.

Rate this ebook

Tell us what you think.

Reading information

Smartphones and tablets
Install the Google Play Books app for Android and iPad/iPhone. It syncs automatically with your account and allows you to read online or offline wherever you are.
Laptops and computers
You can listen to audiobooks purchased on Google Play using your computer's web browser.
eReaders and other devices
To read on e-ink devices like Kobo eReaders, you'll need to download a file and transfer it to your device. Follow the detailed Help Center instructions to transfer the files to supported eReaders.