Lenz

· SKALDS klassikarar 5. knjiga · Skald forlag
E-knjiga
48
Strani
Ocene in mnenja niso preverjeni. Več o tem

O tej e-knjigi

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar. Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen. Georg Büchner (1813–1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz – åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 – ein periode som var prega av sterk sensur. Han døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.

Ocenite to e-knjigo

Povejte nam svoje mnenje.

Informacije o branju

Pametni telefoni in tablični računalniki
Namestite aplikacijo Knjige Google Play za Android in iPad/iPhone. Samodejno se sinhronizira z računom in kjer koli omogoča branje s povezavo ali brez nje.
Prenosni in namizni računalniki
Poslušate lahko zvočne knjige, ki ste jih kupili v Googlu Play v brskalniku računalnika.
Bralniki e-knjig in druge naprave
Če želite brati v napravah, ki imajo zaslone z e-črnilom, kot so e-bralniki Kobo, morate prenesti datoteko in jo kopirati v napravo. Podrobna navodila za prenos datotek v podprte bralnike e-knjig najdete v centru za pomoč.